Parsellhager i Oslo

Nyheter

Oslos eldste parselldyrker, Børre Qvamme, døde våren 2005 i en alder av 93 år. Børre, som var æresmedlem i Marienlyst parsellhagelag, skrev i løpet av livet en rekke bøker og kom i 2003 med boken Hagekunst på Solum forlag. Boken tar for seg hagekunstens historie fra de eldste sivilisasjonene i Egypt og Mesopotamia, via bl.a. kinesisk, persisk, fransk og engelsk hagekunst, frem til vår tid.

Et portrettintervju med Børre Qvamme ble trykket i ukeavisen Dag og Tid nr. 25 2003:

Q for Qvamme

Dei siste sju åra har han gitt ut ti bøker. No skriv han verdshistorie. Møt ein 92-åring.

I ei av blokkene på Marienlyst i Oslo bur Børre Qvamme, ein lærd og venleg gammal mann, pensjonert lektor frå Oslo Handelsgymnasium. I 65 år, sidan bygget var nytt, har han budd her. Romma er fulle av bøker, på engelsk, tysk, fransk, italiensk og spansk. Det står eit flygel i stova og blomar i vindauget mot sør. I fjor gav han ut ei bok om store fiolinistar, i år kjem ei bok om hagekunst. Tre par rulleski kviler i gangen, velbrukte slalåmski i ein krok på toalettet. Her held ein allsidig ungkar hus, ein som har reist mykje og lese mykje, og som held seg godt, enno mjuk og rørleg, meir enn nitti år gammal. Talen hans er velforma og minnet klart.

Børre Qvamme voks opp i Stavanger - ikkje i oljebyen, men i hermetikk- og bedehusbyen Stavanger. Forfedrane levde på Høg-Jæren. Linjene går heilt tilbake til Håkon Håkonssons hoff, og fordi dei var av kongeætt, rekna familien seg som fint folk. Da farfar hans gifta seg med dottera til ein rosemålar, tykte ikkje foreldra det var bra nok, og gjorde sonen arvelaus. I ei folketeljing står farfaren sidan oppført som husmann og fiskar. Han blei ein gammal mann, heldt seg sprek, hogg ved heilt til han døydde. Han fekk ti born, åtte levde opp, nesten alle drog til Amerika.

- Ein av dei var far min. Da han kom i land i New York og sa kva han heitte, skreiv dei Qvamme med q. Slik fekk eg etternamnet mitt. - Mor og far var tremenningar, dei hadde kjent kvarandre sidan dei var små. Dei emigrerte og gifta seg i USA. Det var meininga at dei skulle bli verande der, men far min, som var kompanjong i eit firma som bygde jernbanar, omkom i ei arbeidsulykke. Han døydde før eg blei fødd. Da dette hende, reiste mor heim til Stavanger og tok arbeid som kontordame. - Eg voks opp i enkle kår, fekk aldri brus eller godteri, men blei vant til å arbeide og til å spare. Vi budde i eit hus litt utanfor byen, på Rosendal i Stavanger. Der var det hage og store friareal. Vi fekk bær og frukt frå hagen, og grønsaker - kål og salat og neper og meir til. Mjølk henta vi på ein gard i nabolaget. Eg hjelpte til i hagen, lukte og hausta inn, og etter som eg voks opp, fekk eg ansvaret aleine. Så tok eg til å bestille frøkatalogar og lære meir og prøve nye sortar. Slik fekk eg interesse for det som veks av jorda, mest av alt for blomar, og den interessa har eg aldri mista.

Dei som kjenner han, veit at Børre Qvamme har uvanlege kunnskapar om botanikk. Andre mumlar uvisst om artsnamn og veksestad, han held førelesingar på ståande fot. Den andre store interessen i livet hans, og det temaet han har skrive dei fleste bøkene sine om, er musikken. Han spela fiolin frå han var ganske liten, og var med i skoleorkester gjennom heile oppvoksteren. Han gjekk i lære hos fiolinisten og dirigenten Øivin Fjeldstad og engasjerte seg for musikklivet ved Handelsgymnaset. Under krigen var han med i ein strykekvartett som øvde i leiligheita på Marienlyst. - I 1952 fekk eg spørsmål om å overta som musikkmeldar i Morgenbladet. Stillinga medførte mange fordelar, gratisbillettar til konsertar, invitasjonar til festivalar. Eg var i Bayreuth, Verona og Edinburgh, og eg fekk oppleve fleire av dei store, slike som Karajan og Flagstad. Men sidan eg begynte som musikkmeldar, har eg ikkje rørt fiolin eller bratsj. Eg våga meg ikkje frampå sjølv, eg som skulle kritisere alle andre…

Mot slutten av 1920-talet var Børre Qvamme gymnasiast med friplass på Stavanger Katedralskole. Han valde moderne språk og historie som fag, det same gjorde han i 1930-31, da han fekk stipend for å studere ved Rollins College i Orlando, Florida. Dette var året etter krakket på New York-børsen. Den djupe nedturen, og den politiske kursendringa som følgde, vekte interesse for økonomisk historie. Mange år seinare skreiv han ei lærebok om emnet. - På den tida var Florida ein stad der rike menneske budde om vinteren. Det var òg ein stad med strengt raseskilje. Segregeringa var gjennomført overalt, på bussar og tog, og i byane låg det eit ingenmannsland mellom områda til dei svarte og dei kvite. Det var ingen kontakt. Dei svarte gjorde arbeid som ingen kvite ville ta. Eg gjekk i kyrkjene deira for å høyre negro spirituals. - Enno var det ikkje så vanleg at norske studentar drog til USA. Mange meinte at det ikkje fanst kultur der. Det var det gamle Europa som gjaldt. Men for meg var det ei rik tid, eg møtte menneske frå ulike kulturar, og det var som om verda opna seg.

Sidan har han vore nesten overalt, heile livet har han reist. Han var i Aust-Europa under den kalde krigen, for å høyre korsongen i Baltikum og Bulgaria. To gonger opplevde han den eineståande artsrikdommen på sørspissen av Afrika. I Sør-Amerika såg han spora av dei gamle høgkulturane. Og på midten av 1980-talet kryssa han USA i Greyhound-buss. - Det var første gongen eg såg folk gå på rulleskeiser. Det verka artig. Da eg kom heim, skaffa eg meg eit par og stod på dei her ute i Wilhelm Færdens vei, men berre tidleg om morgonen, så ingen skulle sjå meg.

Historia om slalåmkøyringa går lenger tilbake. Under krigen hadde Børre Qvamme folk i dekning hos seg, motstandsfolk som måtte gå under jorda for nokre dagar, eller som venta på høve til å kome seg ut av landet. Det hende at både våpen og sprengstoff kom i hus. Tyskarane arresterte ein av dei hemmelege gjestene, men namnet til verten blei aldri røpt. - Så var det ein vinter at ein kar trengte eit par ski for turen over til Sverige - sjølv hadde han berre slalåmski, og dei bytta han mot mine turski. Tryvannskleiva hadde opna på 1930-talet, der prøvde eg dei nye skia, og der fann eg ut at slalåm var strålande gøy. Børre Qvamme stod slalåm heilt til vinteren for tre år sidan. Slik har han halde seg mjuk og i form. 65 år gammal var han med på tre kurs i fristil. Teknikken nærma seg det perfekte mot slutten: - Eg kjørte aldri så godt som eg gjorde den siste gongen.

Det var under krigen at Børre Qvamme skreiv dei første bøkene sine - ikkje minst fordi det var lite anna å finne på. Handlingsrommet hadde krympa inn, alt var regulert og rasjonert, og ikkje kunne ein reise nokon stad. Det han hugsar best, er likevel den dystre stemninga, dei stadige rykta om folk som var forsvunne, arresterte, mishandla eller skotne. Krigen kunne kome tett innpå livet. Både okkupasjonsmakt og motstandsfolk hadde aksjonar i nærmaste nabolaget. To vener som hadde vore med i motstandskampen blant lærarane, hamna i hendene på Gestapo i Victoria Terrasse. Dei prøvde å flykte ved å springe ut av eit vindu. Begge døydde, den eine på staden, den andre på veg til fangenskap i Tyskland.

Også på Handelsgymnaset merka dei krigen. - Ein dag var alle dei jødiske elevane borte. Vi såg dei aldri igjen. Eg hugsar særleg ein av dei, ein gut som heitte Reichmann. Han var så utruleg lærenem, tok til seg alt i undervisninga og hugsa det. Det var òg elevar ved skolen som melde seg inn i NS, og det utvikla seg sterke konfliktar mellom desse og dei andre. Eg hugsar til dømes at ein elev kom på skolen i hirduniform og at ingen ville snakke med han. Ein gong eg kom til time, låg det ei NS-nål på kateteret. Det var ei åtvaring til meg om at nokon i klasserommet kunne tyste om eg ytra meg kritisk til okkupasjonsmakta. Elles er eg vel den einaste læraren som enno lever og kan hugse det såkalla overfallet på Handelsgymnaset i november 1940. Ein elev som var med i NS-hirden, var blitt utvist. Etter ei tid kom han og andre hirdmenn tilbake for å hevne seg, dei var væpna med klubber og slo rundt seg, slo både elevar og lærarar. Rektor fekk brillene sine knust. Det var blod i klasserommet og i gangane. Da dette blei kjent, skapte det sterke reaksjonar. Dagen etter heldt alle Oslo-skolane stengt i protest. Fleire av hirdgutane enda på austfronten.

Etter krigen arbeidde Børre Qvamme eitt år i den norske avdelinga i BBC i London. Sendetida var berre ein halvtime kvar dag, men mykje slags stoff fekk plass. Han presenterte nyhende, gjorde intervju, lagde kulturinnslag og hadde roller i høyrespel. I åra som følgde, stod han for ei rad musikkprogram i NRK. - Ein av dei mange eg møtte i London, var litteraturprofessoren Francis Bull. Vi såg Fruen fra havet saman og spiste middag etterpå. Han hadde fantastiske talegåver. Kvar setning var fullkomen, anten det var i samtale eller i førelesing. Børre Qvamme var student i Oslo i den første halvdelen av 1930-talet. Da var det motsetninga mellom Francis Bull og Peter Rokseth som prega litteraturfaga. Diskusjonen gjaldt tilhøvet mellom liv og verk i studiet av ein forfattarskap, om litteraturen skulle lesast ut frå seg sjølv eller ut frå forfattarbiografien. - Eg slutta meg til Rokseth-krinsen, dei som ville bryte med den historisk-biografiske skolen. Men både fagleg og menneskeleg gjorde Bull djupare inntrykk. Han var mykje meir kunnskapsrik, og han var ein sterk personlegdom - liksom ein katt, med mjuke potar, men skarpe klør. Han skarra, som fine folk gjerne gjorde. Edvard Bull, broren hans, som var radikal, skarra ikkje. Du kom ikkje inn i Ready, idrettslaget på vestkanten, om du ikkje kunne skarre!

Studietida si minnest Børre Qvamme mest som hardt arbeid. - Det var mykje dårleg undervisning, og så godt som inga rettleiing. Eg levde så enkelt som mogleg, tok ikkje opp lån, men kom meg gjennom med det mor mi sparte saman. For generasjonen hennar var det pinleg å låne pengar, å ikkje klare seg sjølv. Eg for min del tykte det var pinleg å vere til byrde for henne, så eg gjorde unna studiet så fort eg kunne - filologisk embetseksamen med hovudfag på tre og eit halvt år. Hovudoppgåva mi skreiv eg om den engelske diktaren John Masefield. Han er heilt ukjent i dag. Kanskje finn du eit og anna dikt i antologiar. Han høyrde til generasjonen før første verdskrigen, og krigen sette skilje - dei som kom etter, hadde ei heilt anna livsoppleving. Mykje litteratur blei liksom uleseleg over natta.

I 1937 var Børre Qvamme i England som British Council-stipendiat. Planen var å skrive magistergradsavhandling om den engelske Ibsen-resepsjonen frå 1890 og framover. Nokre av dei som hadde vore med på å introdusere Ibsen, var enno i live. Han møtte Charles Archer, bror til William Archer, som hadde korrespondert med Ibsen og sett stykka hans om til engelsk, og han intervjua Elizabeth Robins, som hadde gjort suksess i Ibsens kvinneroller i London i 1890-åra. I Paris møtte han den engelske dramatikaren Harley Granville-Barker, og ved Theatre de l’Odeon såg han Lugné-Poë si oppsetjing av Vildanden - den største teateropplevinga han har hatt. Heilt sidan Børre Qvamme kom på besøk til Oslo 14-15 år gammal, på midten av 1920-talet, har han interessert seg for teateret. Den gongen såg han Kjøpmannen i Venedig med Stub Wiberg, August Oddvar og Johanne Dybwad, sentrale namn i gullaldergenerasjonen ved Nationaltheatret. - Stilen var patetisk, med store kjensler og store fakter, og med ein heilt annan bruk av stemmen enn vi er vande med. I dag ville vi nok oppleve det som overspel. Men det var stor kraft i spelet. Når Johanne Dybwad resiterte, kunne det gå kaldt nedover ryggen på deg.

Det var etter studieopphaldet i England at Børre Qvamme begynte som lektor ved Oslo Handelsgymnasium. Samtidig kjøpte han leiligheita på Marienlyst. Kvar dag spaserte han til arbeid. Han hugsar fuglesongen langs vegen, svarttrosten som alltid song i Josefines gate, ved huset til antroposofane. Det er mindre fuglesong no enn før, meiner han. Heime tok han seg av mor si. - Ho hadde sørga for meg gjennom oppvoksteren og studia, no var ho enkje og eg var einaste son, med arbeid og bustad var eg sjølvberga. Så det var min tur til å syte for henne. Ho døydde i 1968. Da var ho åttifem år gammal, men ho såg ut som ein sekstiåring. - Det hadde blitt for mykje med to kvinner i huset. Det var derfor eg blei verande ungkar, smiler Børre Qvamme. - Eg blei pensjonist i 1973. Året etter var gymnaset omskapt til vidaregåande skole. Gymnaset hadde røter tilbake til 1500-talet, men Arbeidarpartiet øydela alt saman med reformopplegget sitt. Ingen skulle vere flinkare enn andre, alle skulle bli like. Det kom inn masse samfunnsfag og alle skulle få rette haldningar. Målet var ikkje kunnskap lenger. Da eg besøkte Handelsgymnaset etter at eg var gått av, uttrykte kollegaene mine djup frustrasjon over utviklinga. I mi tid var det enno bra å vere lektor.

Børre Qvamme seier bank i bordet og tykkjer han har vore heldig. Han har levd lenge og blitt spart for mykje. Det hender han spør seg om det har noka meining å bli så gammal. Men sjølv om han er svakare no enn før, så høyrer han godt, og blir enno rørt av Schuberts ufullendte, og han ser godt og kan lese. Tanken er klar, og trongen til kunnskap er usvekt. Børre Qvamme sit gjerne i ein lenestol med ei skrivemaskin i fanget. - No er eg i gang med ei verdshistorie. Eg veit ikkje om det blir til bok, men det er moro å halde på med. Eg prøver å utvide perspektivet frå det europeiske til det globale, skrive parallelt om alle dei store kulturane, frå den første tida til om lag 1500. Så får det vere nok.

BØRRE ANGELL QVAMME Fødd 1911 i Stavanger. Cand.philol. frå Universitetet i Oslo 1934. Engelsk som hovudfag, fransk og historie som bifag. Lektor ved Oslo Handelsgymnasium 1938-1973. Musikkmeldar i Morgenbladet på 1950- og 1960-talet. Har skrive lærebøker for gymnaset og artiklar i ulike tidsskrift, særleg om engelsk litteratur og norsk musikkliv. I tillegg kjem ei rekkje bøker, m.a. desse:

Wolfgang Amade Mozart (J.G. Tanum 1943)
Musikk - en orientering i musikkproblemer for musikkinteresserte (J.G. Tanum 1944)
Franz Schubert og hans verk (Aschehoug 1952)
Italia - solskinnets land (Aschehoug 1955)
Giuseppe Verdi (Solum 1997)
Halfdan Kierulf og hans tid (Solum 1998)
Musikkhistorie for hvermann (Solum 2001)

(Ingvald Aarstein)